Born synast vennskap og omsorg betyr meir enn masse pengar

Ei ny undersøking viser at svenske born syntest at noko av det viktigaste i livet er å vera saman med venner og familie. Dessutan var dei opptatt av å vera snille, og ikkje mobba eller undertrykka andre.

– Det er viktig for born å tenkja på andre menneske, vera snille og visa omtanke, seier Jari Ristiniemi til Ung.Forskning.no.

Forskarane Jari Ristiniemi og Fereshteh Ahmadi har forska på 40 svenske born mellom seks og ni år. Dei fekk sjå to filmar: Brødrene Løvehjerte og Gutten med gullbuksene.

Verdiar som venskap, omsorg, fridom og rettferd er veldig viktig i både det svenske og det norske samfunnet.

Etter dei hadde sett film snakka borna med forskarane om kva dei tenkte om livet og døden. Kva var viktig i livet, og kva trur barna skjer når vi døyr?

Alle er like mykje verd

Svara viste at borna meiner at fridom og rettferd er veldig viktig. Dei kunne til dømes seia at alle menneske er like mykje verd, at ingen burde vera åleine og at folk måtte få bestemma over seg sjølv.

Barna meinte òg at det var fint å vera litt rik, men at ein ikkje burde vera for rik. Då kunne rikdommen i staden skapa problem.

Filmen Brødrene Løvehjerte handlar om både liv og død. Nokre born tenkte at alt berre tek slutt når ein døyr, medan andre trudde dei ville koma til ein annan stad etterpå. Kanskje ein stad der dei kunne trylla? Nokre born meinte òg at vi kanskje blir fødde på nytt, som ein annan person.

Kva er viktigast for deg? Og kva tenkjer du skjer når vi døyr?