Skulebamsane avslører: Norske familiar skryt av at dei er mykje ute på tur

I andre land skriv familiane om heilt andre ting i dagbøkene til skulebamsane.

Hadde du ein klassebamse då du gjekk i 1. klasse? Mange seksåringar over heile verda har hatt med ein slik bamse heim. Då fekk dei òg med dagboka til kosedyret. I desse dagbøkene har mange ulike familiar skrive om kva bamsen opplevde då den var heime hos dei. Det synest nokre forskarar er spennande. Dei har samanlikna dagbøker frå Noreg, USA, Kina og Sør-Afrika, skriv Ung.Forskning.no.

Kos er viktig i Noreg

I dei norske bamsebøkene skriv familiane om at dei kosar seg med taco, pizza og godteri. Dei speler PlayStation og får vera med barna i senga. Og viss dei blir mørkeredde, får bamsane vera med opp i senga til mamma og pappa. Skulebamsane får òg vera saman med venner og familie. Dei er veldig ofte i bursdagsselskap og er saman med bestemor og bestefar.

Bamsen gjorde leksar i Kina

I andre land var forteljingane heilt annleis. Bamsane i Kina var ofte veldig flinke til å gjera lekser. Dei hadde rydda rommet eller kanskje høyrt på ei lydbok på engelsk.

− Dei kinesiske bøkene verka veldig skrytete for oss norske forskarar, fortel Marit Haldar.

Ho har lese og samanlikna hundrevis av innlegg i bamsedagbøker frå ulike land. Dei norske forskarane trudde at dei kinesiske foreldra ville fortelja lærarane at dei har flinke barn og er gode foreldre.

Forskjellen er berre at norske foreldre skryt av andre ting.

− I Noreg var det ingen som skreiv om å setja inn i oppvaskmaskina eller gjera leksar eller rydde rommet, fortel forskaren.

− Eg trur ikkje bamsebøkene lyg, seier Marit TIL UNG.FORSKNING.NO.

Mammaen eller pappaen som skriv, veit at både læraren og dei andre foreldra skal lesa det dei skriv. Då vil dei kanskje fortelja noko som viser at barnet har det bra og at dei er flinke foreldre.

Norske familiar skal vera ute

Foreldrene i Noreg vil òg visa fram noko anna. Dei norske bamsane har nemleg vore veldig mykje ute i frisk luft. Og viss dei ikkje har vore det, unnskyldar foreldra seg når dei skriv i dagbøkene.

Marit fortel at forskarane frå Kina, USA og Sør-Afrika syntest det var veldig rart at dei norske familiane skreiv så mykje om å vera ute. I bamsebøkene frå dei andre landa står det nemleg ikkje noko særleg om dette.