Alexander har skrive bok om dei eklaste tinga han veit

Alexander Harald Sandtorv har samla alt det eklaste han veit i ei bok. Kva er det som gjer noko ekkelt, eigentleg?

Ekkelt: Verda er full av ekle ting. Men kva er skikkeleg ekkelt? Og kvifor er det ekkelt? Det får du svar på i denne boka. Foto: Cappelen Damm

– Alt som står i boka har gjort minst tre vaksne kvalm. For å verkeleg kjenna på at det eg skreiv om var ekkelt, fekk eg meg sjølv til å spy.

Det seier forfattar Alexander Harald Sandtorv, som no gir ut boka «Ekkelt». Boka handlar om nettopp det – alt han synest er ekkelt. Han fortel at han har lært mykje om temaet.

– Noko av det som er fint ved å vera born, er at ein er open og nysgjerrig. Det gløymer ein litt når ein blir vaksen. Når eg skreiv boka, fann eg ut mykje som eg ikkje kunne frå før.

At det var nettopp dette temaet han ville skriva om, handlar om bakgrunnen hans.

– Eg ville skriva ei bok som har litt forsking i seg, sidan eg er utdanna naturvitar.

Etter litt undersøking, fann han ut at det ikkje fantest ei bok om temaet. Det ville han gjera noko med.

Les også: 3 om ekle ting

Gulp i munnen

Ekkel hund: – Eg har med ei historie i boka, som handlar om ein hund som er på tur og et ein bæsj. Etter den har ete bæsjen, spyr den – og så et den spyet. Det var skikkeleg ekkelt å skriva, seier Sandtorv. Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen

– Kjensla om at noko er ekkelt, er noko alle menneske kjenner til. Eg ville finna ut kva det eigentleg betyr og kva som er grunnen til at me synest noko er skikkeleg guffent.

Han har brukt seg sjølv som eksperiment, og er klar på kva han meiner er det eklaste.

– Av dei tinga eg har tatt med i boka, trur eg faktisk gulp i munnen vinn, seier forfattaren og ler.

Ting som kjem ut frå andre folk og enkelte matvarer synest han også er ufyseleg.

– Eg synest kyllingfilet er kjempeekkelt. Kvar gong eg lagar det til middag, spør eg meg sjølv kvifor eg gjer det.

Gulp i munnen: Dette er det eklaste som er med i boka, i følje forfattaren.
Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen

– Ekle ting er gøy

No håpar han at andre enn han synest boka er skikkeleg ekkel.

– Boka passar for born som er nysgjerrige og som har lyst til å lesa ei bok som er litt uvanleg. Kanskje den kan få born til å tenkje og stille spørsmål om det som er rundt oss. Og så håpar eg at dei som synest ekle ting er gøy, vil like den. Det er jo ei artig bok.

– Freistar det å skriva fleire ekle bøker?

– Eg og forlaget snakkar om kvar vegen går vidare, men det kan eg ikkje seia så mykje om enno. Kanskje forlaget synest at eg er så ekkel at dei ikkje vil at eg skal skrive fleire bøker, seier han og ler.