FHI meiner vaksineringstempoet snart kan skruast opp

To månader etter at første koronadose vart sett i Noreg, er berre nesten 4 prosent av folket fullvaksinert med to dosar.

I skrivande stund er det utført litt over 600.000 koronavaksinasjonar.

To tredjedeler (391.072) stykker har fått første dose og ein tredjedel (209.419) stykker har fått andre dose, og derfor er fullvaksinerte.

Får store leveransar med vaksine

No er FHI positiv til at tempoet snart kan skruast opp, skriv NRK.

– Me ser meir optimistisk på vaksineleveransane framover. Og me har tru på at me spesielt i mai og juni får store leveransar som gjer at me i løpet av to månader vil ha vaksinert veldig mange. Men også før mai vil me ha mykje større leveransar enn me har hatt til no, seier FHI-direktør Camilla Stoltenberg.