FAKTA om regnskogen:
- Regnskogane gir livsgrunnlag til millionar av menneske. Dei er dessutan svært viktige for klimaet på jorda.
- Saman med resten av skogane i verda tar regnskogane opp CO2, bind karbonet og produserer oksygen gjennom fotosyntesen.
- Dei frodige, eviggrøne skogane dekkjer i dag ikkje meir enn om lag 6 prosent av jordas overflate. Men, regnskogane er heimen til mellom 50 og 90 prosent av alle artane i verda, ifølgje WWF.
LES FAKTALUKK FAKTA
- Sei nei til palmeolje. Ikkje kjøp matvarer, kosmetikk, såpe og vaskemiddel med palmeolje i seg.
- Kjøp regnskogvenleg mat utan soya frå regnskogane. Både oppdrettslaks og kyr får ofte mykje soya i fôret sitt. Sei frå at det ikkje er greitt med soyafôr som øydelegg regnskogane.
- Unngå å kjøpa møblar og andre produkt med tømmer frå regnskogen.
- Sei frå til politikarar og bedrifter og krev handling for regnskogane.
Les også: Klassen fekk diskutere regnskogen med klimaministeren
Kjelde: Regnskog.no