Staten Texas i USA har opplevd ei uvanleg kulde den siste veka. Fleire er utan straum grunna store mengder snø og så mykje som 22 minusgrader.
I Noreg har me også hatt kulde og snø den siste tida, men her er både menneske og dyr førebudde på slikt vêr.
Det er dei ikkje i Texas.
Texas Game Wardens assigned to Cameron county rescued 141 sea turtles from the frigid waters of the Brownsville Ship Channel and surrounding bays. The sea turtles were transported via the PV Murchison, operated by Sgt. Game Warden Duke and B/M Bowers-Vest. pic.twitter.com/LqFBrElTog
— Texas Game Warden (@TexasGameWarden) February 17, 2021
Redda av friviljuge
Kulda har ført til at fleire tusen havskjelpadder er skylt i land på strendene på sørkysten av Texas, skriv NRK.
Direktøren i Sea Turtle Inc., Wendy Knight, fortalte til NPR at lokale friviljuge har henta skjelpaddene både med båt og til fots. Organisasjonen skal hjelpa og oppbevara dyra innandørs, til det er varmt nok i vatnet til at dei kan sleppast fri.
– Kjærleiken og støtta til menneska som vil hjelpa dyr som ikkje kan hjelpa seg sjølv, er overveldande, sa ho.
They ran out of space at the rescue center, so the local convention center opened its doors to turtle storage. This video was from yesterday afternoon. By the time my mom sent it to me, there were so many more that she said, “there is no empty floor space tonight.” pic.twitter.com/g6Gw7dfIOQ
— Lara (@lara_hand) February 16, 2021