Idretten mistar fleire medlemmar: – Me kjem ikkje til å slutta med handball

Koronastopp for treningar og kampar har gjort at fleire unge har slutta på fleire lagidrettar. Men koronaen stoppar ikkje jentene i Leikanger.

No er trening lov

Regjeringen kom med nye reglar den 18. januar. Barn og unge under 20 år kan no trena og delta på fritidsaktiviteter som normalt, både ute og inne. Dei kan også sleppa ein meters avstand, dersom det er naudsamt for å gjennomføra aktiviteten. Kampar, cupar, stemner og liknande må framleis utsetjast.

LES FAKTALUKK FAKTA

– Det er dumt at me ikkje får spela handball, seier Vilde.

Dei tre 11-åringane Anna Felde Hasund, Vilde Tufte Mardal og Amalie Buene Halveg frå Leikanger måtte legga handballen på hylla, då det vart bestemt at alle fritidsaktivitetar innandørs måtte ha ein ny pause i starten av januar. Dei fortel at dei saknar handballen, slik den var før korona.

– Har ikkje lært like mykje

– Det har ikkje vore like artige treningar som vanleg, og me har ikkje lært like mykje som normalt etter koronaen kom, seier Vilde.

Då dei ikkje kan vera fleire lag i hallen samtidig, må dei venta til laget som trenar før dei er heilt ferdige før dei kan gå inn.

– Derfor har me mykje kortare treningar enn vanleg. Me må også vaska alt me er borti, og alle må ha sin eigen ball, seier Vilde.

Sidan dei ikkje får spela handball no, brukar jentene tida på andre ting enn normalt.
– Nesten alle jentene i klassen vår spelar Roblox, det er veldig populært, seier Amalie.

Elles snakkar dei mykje saman på FaceTime og er ute og akar i snøen.

Anna Felde Hasund, Vilde Tufte Mardal og Amalie Buene Halveg fortel at dei saknar handballtreningane slik dei var før korona.
Foto: Marte Husabø

– Håpar det blir mindre korona

– Kva tenkjer de om 2021, då? Har de eit håp for det nye året?

– Eg håpar at det blir mindre korona, seier Amalie.

Dei andre jentene nikkar enig.

– Eg håpar me snart kan starta å trena handball slik som normalt, seier Vilde og leggjer til at ho også håpar at handball-cupane ikkje blir avlyst i år.

Fleire har slutta

20.000 barn og unge har slutta på fotball i koronatida. For handball er det 2,5 prosent færre medlemmar denne sesongen enn forrige sesong. Men blant dei vaksne over 20 år det over halvparten som har slutta.

For jentene i Leikanger er éin ting sikkert:

– Me kjem ikkje til å slutta med handball, seier jentene og smiler.