Slik lagar du ei trygg jul- og nyttårsfeiring for kjæledyret

Dersom du har eit kjæledyr heime, er det fleire ting du bør vera obs på denne veka. Visste du mellom anna at hundar ikkje bør eta druer? Eller at mange dyr kan bli veldig redd for fyrverkeri?

– Me menneske ønskjer å kosa oss i jula, og me vil at kjæledyra våre skal vera med på kosen, seier veterinær Torill Moseng.

Freistinga for å gi hunden eller katten mat som er for menneske, kan vera større no enn elles i året. Men det er ikkje lurt, og dyreeigarar bør passa godt på.

– Mellom anna kan tyggis, gjærbakst, druer og lauk gi alvorleg forgiftning for hundar. Det lurt å vita om, seier Moseng.

Torill Moseng lyttar på pusen. Foto: Mike Miles

Gi beskjed til dei som er på besøk

Ho åtvarar også om å gi hunden beinrestar frå pinnekjøt-middagen.

– Bein kan setje seg fast i magien til hunden, og kan derfor gi skadar.

Det er viktig at familien veit kva dyret kan og ikkje kan eta, og gir beskjed til dei som er på besøk.

– Om tante prøver å gi hunden restar frå ribbemiddagen, må du berre seia til ho at: “Nei, den får ikkje ribbe!”, seier Moseng.

– Ver ein god ven for hunden din

I tillegg til julemat, er nyttårsafta ein utfordrande dag for mange dyr. Dei kan vera veldig redde for fyrverkeri, som lagar høge lydar og blinkande lys.

– Ingen dyr skal vera aleina inne på nyttårsaftan. Har du ein hund eller ein katt som er veldig redd, bør du ta dei vekk frå den verste lyden og lyset.

Ho fortel også at kattar bør vera inne på kvelden, og gnagarar bør flyttast til ein del av heimen som er roleg. Menneska bør oppføra seg som normalt.

– Spesielt for hundar, er det viktig at me er som me pleier, fordi dei er avhengige av å ha beskyttelse frå flokken sin, seier ho og legger til:

– Prøv så godt du kan å vera ein god ven for hunden din.

Illustrasjonsfoto: Colourbox

Viktig å finne roen

Veterinæren fortel at julefeiringa er ein fin anledning til å bruke tid saman med kjæledyra. Det treng ikkje vera leik og moro heile tida.

– Det er viktig å finne roen, for det treng dyra.

Ein roleg kveld i sofaen, med kos og film er altså anbefalt.

Og om du er ein av dei som har lurt litt på kva kjæledyret ditt ønskjer seg til jul, har veterinæren eit godt tips.

– Det eg ville ha gitt, er enno meir tid og kjærleik. Den beste gåva dyret gir deg, er å vera der for deg. Derfor er det vårt ansvar å gi det samme tilbake.