Gjorde førjulstradisjonen digital

Lysfesten dreg vanlegvis fleire tusen menneske frå heile Vestlandet til Bergen sentrum. For mange er det blitt ein førjulstradisjon å samlast til song, fakkeltog og fyrverkeri. Men i år vart feiringa annleis enn normalt.

– Det var litt deileg å ikkje stå ute og frysa, men litt trist også. Eg sakna faklane. Å sjå lysa rundt vatnet er det finaste til vanleg. Men å sjå festen på tv gjorde at eg såg alt, seier Ella Louise.

– Eg sakna stemningen, og det kjendest litt kjedeleg, seier Tobias.

Ella Louise (12) og Tobias (14) er blant dei som i år markerte inngangen til førjulstida på ein ny måte, då Lysfesten for første gong vart feira digitalt. Dei er enige om at det var lurt å å ta festen inn i stova.

Tobias hadde rigga seg til ved PCen for årets versjon av Lysfesten. Foto: Privat

Høgdepunktet på kvelden

– Det var ein kul idé å gjere Lysfesten digital, så slike ting må dei fortsette med. Men eg fekk ikkje så mykje julestemning, fordi dei spelte mest nye songar, seier Tobias.

Ella Louise hadde pynta seg til Lysfesten. Foto: Privat

Ella Louise fortel at hennar familie hadde gjort klart for at julestemninga skulle koma krypande.

– Mamma tende levande lys og me kledde på oss klede med julemotiv. Eg fekk julestemning, sjølv om det ikkje var slik som det pleier.

Høydepunktet med festen var det same for både Ella Louise og Tobias.

– Fyrverkeriet var veldig kjekt. Det var ikkje heilt det same å sjå det på PC-en, men uansett høgdepunktet for meg, seier Tobias.

– Eg fekk sjå fyrverkeriet både på tven og frå verandaen. Det var kjempefint, seier Ella Louise.

– La jula koma tidleg i år

Foto: Skjermdump

Kvart år er det fleire som tykkjer at jula kjem tidlegare enn den gjorde året før. Julebrusen og kakemennene er på plass i butikkane allereie i oktober, og det same gjeld nissar og julemusikk. Men i år er det ein som meiner at det er greit at me markerer adventstida allereie no.

Helseministar Bent Høie skriv at me må lysa opp den mørke tida for kvarandre, i eit innlegg på Facebook. Han skriv at dei som hengjer opp julestjerner og julelys tidleg i år, lyser opp både sine eigne og andre sine dagar.

– La jula koma tidleg i år, tenn lys, skriv Høie.