Advent – kva er det?

Vi er inne i ei lilla tid som heiter advent. Med stjerner i vindauga, og kveikte lys. Her kan du lese om bakgrunnen for kvifor vi gjer som vi gjer.

Advent er ventetida før jul. Ei magiske tid, som mange barn har eit forhold til. «Advent» betyr eigenteleg «Herren kjem», og då er det Jesusbarnet vi tenkjer på.

Fyrste søndag i advent markerer starten på kyrkjeåret. I år er fyrste søndag i advent 3. desember. Då er det vanleg å ha ein adventstake med fire lys. I Noreg brukar vi å tenne lys kvar søndag før jul. Då syng ein enten «Tenn lys», skrive av Eyvind Skeie, eller les diktet «Så tenner vi et lys i kveld» av Inger Hagerup.

Adventsfargen er lilla, sjølv om mange også brukar både raudt og kvitt. Lilla er symbol på bot, anger, alvor og ande. Før i tida skulle ein gjere bot og faste i denne tida. Sjela og kroppen skulle forberedas til å ta i mot julebodskapen. Å gjere bot var å betale for syndene, det som blei sett på som gale, som menneska gjorde.

Stjerne og lysestakar

Det er også vanleg å henge opp julestjerne i vindauget og tenne ein elektrisk lysestake. Gjerne ein med sju lys.

Julestjerna i vindauget er eit symbol på betlehemstjerna som viste dei tre vise menn vegen der Jesus vart fødd.

Omvendt julekalender

Sjølv om adventstida og jula i utgangspunktet er ein kristen tradisjon, er det mange som ikkje legg noko vekt på dette. Mange gjer adventstida og julefeiringa til ei tradisjonsrik høgtid utan å legge vekt på det kristne bodskapet.

For mange er nissar og kos like vanleg som å markere at Jesus blei fødd i ein stall.

Ein viktig bodskap som mange har i advent er å bry seg om kvarandre. Mange viser dette med å ha omvendt julekalender. Mange skuleklassar samlar inn pengar til dei som treng det, i staden for å få noko sjølv.

Jul i Svingen. (Foto: Ole Kaland NRK).

Jul i Svingen

NRK har sendt julekalender i lang tid. Den aller fryste kom i 1970, «Barnas førjulskalender». Så var det ei lang pause før «Jul i Skomakergata» kom i 1979.

I år er det reprise på «Jul i Svingen», der vi følgjer Linus, Nure, Akaya, Åsa og alle dei andre menneska som bur i Svingen. «Jul i Svingen» blei sendt fyrste gong i 2006.

Ina Svenningdal, som spelar Åsa, har vorte verdskjend etter at ho spelte jente-Chris i ungdomsserien SKAM.