FAKTA OM MJØLKETENNER:
- Me får 20 mjølketenner: fire fortenner, fire sidefortenner, fire hjørnetenner og åtte forjekslar og jekslar.
- Dei første mjølketennene kjem etter 6-7 månader. Etter to og eit halvt år har som oftast alle mjølketennene kome ut.
- Mjølketennene fell normalt ut medan barn er 6-10 år.
- Nokre menneske kan oppleva at det ikkje kjem ei vaksen tann under mjølketanna si. Då kan mjølketanna vera igjen heilt til ho må bli trekt.
I Noreg, Sverige og nokre deler av Australia legg me mjølketennene i eit glas med vatn og ventar på at tannfea skal koma om natta.
Erna Osland har skrive den nye boka om å mista tenner, og kva ein har gjort med mjølketennene i ulike tider og kulturar. Ho har samla historier frå 40 land.
Artikkelen held fram under bildet.

Illustrasjon: Victoria Sandøy

Mus, fuglar og hundar
Over heile verda fins det skikkar, truer og forteljingar knytte til tannfelling. Mange av foteljingane er om ulike tannfeer – små flygande alvar, eller mus, fuglar og hundar. Men same kor ulike forteljingane om tannfeene er, så er bodskapen den same. Dei er alle forteljingar om trøyst.
Moro å samla kunnskap
– Eg ville skriva ei bok som barn og vaksne kan lesa i lag, om nettopp kor fint det er å vera barn og vaksne i lag, seier Erna Osland. Ho er ein kjent forfattar, og vunne fleire prisar for bøkene sine.
Artikkelen held fram under bilete.

Foto: Hans Petter Martinussen
– Eg har hatt stor glede av å skriva denne boka. Det har vore moro å samla kunnskap om tannfellingsskikkar og kjærleik mellom foreldre og barn verda rundt.
Ulike tradisjonar i verda:
FRANKRIKE: Den vesle musa «La Petite Souris» kjem med ein mynt om natta.
MONGOLIA: Her gøymer dei tennene i hundemat. Etter ei stund får barnet sterke «hundetenner»
EGYPT: Barna kastar tennene opp mot sola, opp mot Allah. Det same gjer dei i Sudan, Jordan og Irak.
ITALIA: Den heilage Apollonia lagar ei vogn av tenner som blir trekt av ei mus.
USA: Her har ofte barn si eiga tannfe som dei sjølv finn på namnet på.
THAILAND: Her kastar dei tennene oppå taket.
HELLAS: Her kastar barn tennene på taket.
ETIOPIA: Her kastar dei tennene mot kyrkja, og ber om nye, sterke tenner.
MALI: Her får ungane ein kylling når dei mistar tennene sine.
