Kan hjartet bli stølt?

Har du nokon gong vore så støl at det gjer vondt å gå? Då er du ikkje åleine. Men forskarar har stilt eit litt annleis spørsmål: Kan hjartet bli stølt også?

Hjartet er ein muskel som jobbar heile tida – både når du søv, spring og slappar av. Hjartet er laga for å jobba heile livet. Faktisk byrjar hjartet å slå lenge før eit barn blir fødd. Men kan ein bli støl i hjartet?

– Stølheit kjem når du trenar hardt eller bruker kroppen på uvande måtar, seier professor Jan Helgerud frå NTNU til Ung.Forskning.no.

Små øydeleggingar

Forskarane veit faktisk ikkje heilt sikkert kvifor me blir støle. Ein teori er at det kjem små skadar i musklane når me bruker dei mykje.

– Det kan komma av små øydeleggingar i musklane som gir ein betennelsesreaksjon, men me veit ikkje sikkert, seier hjarteforskar Mathis Korseberg Stokke frå Universitetet i Oslo og Oslo universitetssjukehus.

Ein annan teori er at nervane blir ekstra kjenslevare etter hard trening. Då kan kroppen kjenna det som ømheit eller smerte.

Men hjartet er annleis enn musklane i armar og bein.

– Hjartet vårt pumpar heile tida og slepper sånne bremserørsler, seier Helgerud.

Heilt spesielle musklar

Forskarane forklarer at hjartet har heilt spesielle musklar som berre finst der. Det får også mykje oksygen og energi frå blodet. Difor trur dei at hjartet mest sannsynleg ikkje blir stølt slik som andre musklar.

– Det er sannsynleg at hjartet ikkje blir stølt på same måte som i armar og bein, seier forskar Gøran Paulsen frå Noregs idrettshøgskole.

– Stølheit er ikkje farleg, seier Helgerud til Ung.Forskning.no.