Slik kan du unngå å bli bilsjuk

Du sit i bilen. Etter ei stund byrjar det å uroa seg i magen, og du kjenner deg kvalm. Kanskje blir du svimmel òg. Kvifor skjer det?

Nokre kan lesa bok i timevis utan problem. Andre blir dårlege etter berre nokre få kilometer. Kvifor er det slik?

Når du sit i ein bil, veit kroppen at han er i rørsle. Balanseorganet i det indre øyret merkar kvar sving, kvar brems og kvar dump i vegen. Men viss du ser ned i ei bok eller på eit nettbrett, fortel auga noko heilt anna. Dei seier at du sit heilt stille.

Hjernen blir forvirra

Når auga og balanseorganet gir ulike beskjedar, veit ikkje hjernen heilt kva han skal tru. Forskarane meiner det er denne forvirringa som gjer at nokon blir bilsjuke.

Då kan du bli kvalm, svimmel eller kaldsveitta.

Kvifor hjelper det å sjå ut?

Har du lagt merke til at mange vaksne seier: Sjå ut vindauget! Det er faktisk eit godt råd. Når du ser ut, får både auga og balanseorganet den same informasjonen. Begge fortel at du er i rørsle.

Då blir hjernen mindre forvirra.

Kvifor blir barn oftare bilsjuke?

Mange veks det å bli bilsjuk av seg. Forskarane trur det kan vera fordi balansesystemet framleis utviklar seg hos barn.

Etter kvart lærer hjernen å tolka signala betre.

Går det an å unngå?

Mange synest det hjelper å sjå framover, ta pausar på lange bilturar og unngå å lesa når bilen køyrer. For somme kan frisk luft òg gjera det litt betre.

Kjelde: Store norske leksikon

Blir du bilsjuk?

Blir du bilsjuk?

Ja, ofte.3
Ja, av og til.1
Berre når eg les eller spelar.0
Nei, aldri.3
Svar totalt: 7