Feirar den amerikanske visepresidenten i India

INDIA: Indiske barn spring rundt med plakatar av den nyvalde amerikanske visepresidenten Kamala Harris ved eit tempel i Thulasendrapuram. Dette er heimbyen til morfaren til Kamala Harris, og ligg sør for Chennai.

Folk feira valsigeren med fyrverkeri, plakatar og bøner.

Kamala Harris blir tidenes første kvinnelege visepresident. Foto: Wikipedia

Joe Biden og Kamala Harris vann presidentvalet 3. november 2020, og Kamala Harris vart då valt til USAs første kvinnelege visepresident. Ho vart samtidig den første indisk-amerikanske og asiatisk-amerikanske visepresident.

Harris har indisk mor og jamaicansk far. Mora, Shyamala Gopalan (indisk-tamilsk frå Madras), var kreftforskar og menneskerettsaktivist, og faren, Donald J. Harris, er økonom og professor emeritus ved Stanford University. Kamala Harris voks opp i Berkeley og har ei yngre søster, Maya Harris.

Harris skriv i sjølvbiografien sin at ho forstår litt tamilsk.