Lesehestane kan sitja i timesvis og lesa bøker

5.- og 6.klassingane på Langeland skule er blant dei som les aller mest i Noreg.

– Eg synest det er kjekt å lesa for då får eg litt fantasi, fortel Matheo Luca Klingsheim (9).

– Når eg kjem skikkeleg inn i ei bok, så kan eg sitja i timesvis og lesa. Det er veldig kjekt, seier Marte Sandvik Turøy (10).

Ho seier lesekonkurransen til Norli Junior gjer at ho får lyst til å lesa meir enn vanleg – nesten éi bok om dagen.

– Til vanleg sit eg meir på telefonen og ipaden.

5B håpar på å vinna lesekonkurransen. Foto: Svein Olav B. Langåker

Då Framtida Junior møtte ho, las ho Zombie-Bjarne av Sigbjørn Mostue.

– Eg klarer ikkje å leggja den frå meg, seier ho.

Klassen har bestemt seg for å lesa mest på heile skulen.

– For rektor har lova pizza og saft til den klassen som har lese mest i haust, fortel Emilie Brandvik.

5B var tidlegare på 1. plass på skulen, men har no blitt passert av 6B. Dei ligg no på 75. plass av nesten 3000 klassar som er med på Norli Junior. 5A og 6A ligg òg bra an i konkurransen.

Speler data og lyttar til lydbok

Herman Elias Carlsen (10) likar å leva seg inn i bøkene. Han pleier å lytta på lydbok mens han speler data.

– Når eg speler Minecraft er det avslappande og fint å høyra på lydbok, seier han.

Jentene er ikkje så glade i lydbøker.

– Ein gong så var det ei skikkeleg gnålestemme. Då måtte eg berre slå av, fortel Emilie Brandvik.