Slik får du pus til å like deg

Har du ein katt? Her er eit enkelt triks for å bli bedre vener med den!

Eit ansiktsuttrykk gjer at katten din likar deg bedre. Det viser ein ny studie forskarar har gjort i England, ifølgje Forskning.no. Kattane som var med i studien viste seg å vere meir villege til å ha kontakt med framande som brukte dette trikset. Dei såg også ut til å vere meir avslappa saman med eigaren sin.

Har du eller nokon du kjenner ein pus heime? Då kan du teste det ut!

Slik gjer du:

  1. Sjå på katten din med avslappa ansikt, medan du myser med auga. Å myse vil seie å ha auga halvvegs lukka.
  2. Lukk auga heilt, og opne dei sakte igjen.
  3. Gjenta heilt til katten svarer med å blunke sakte tilbake.
SLIK SER DET UT. Ein katt og ein eigar med halvopne auge. Foto: Colourbox

Moglege feilkjelder

Då vi i Framtida Junior skulle teste dette trikset viste det seg at det ikkje er alltid katten er like mottakeleg for å sjå på ein blunkande eigar. Det gjeld å finne den rette stunda! Dersom katten din er i gang med å ete, leike eller sove er det vanskeleg å få til. Vent til katten ligg roleg, men med opne auge, før du testar blunket!

Forskarane trur at kattar oppfattar lang og direkte augekontakt frå andre som truande

KATTEKOMPIS. Lær deg korleis du får katten din til å like deg bedre! Foto: Colourbox

Kvifor likar katten det sakte blunket?

Folk som er glad i kattar har lenge påstått at denne måten å blunke på har ei roande effekt på dei. Kanskje har du opplevd det sjølv? Dette er likevel den fyrste vitskaplege studien som peikar i retning av at det faktisk er sant.

Men kvifor er det eigentleg slik?

Forskarane trur at kattar oppfattar lang og direkte augekontakt frå andre som truande. Derfor kan ei rekke langsame blunk få dei til å forstå at situasjonen ikkje er farleg. Det er også mogleg at dei har lært dette frå oss menneske.

– Ein kan tenke seg at kattane lærer seg at menneska sine smale auge tyder vennligheit, sidan vi menneske smalnar auga når vi smilar, seier Kristin Wear Prestrud frå veterinærhøgskulen til Forskning.no.

Vil du ha fleire tips og triks om kattar? Les her!