10 kule kattefakta

Ung.forskning.no har funne 10 kule fakta om kattar! Visste du til dømes at katten kan høyre mus snakke saman?

1. Det har vore ein katt i verdsrommet

Felicette var den fyrste katten som blei sendt i bane rundt jorda. Det var i 1963, og Felicette overlevde turen.

2. Kattar søv mesteparten av livet sitt

3. Nokre menneske er ekstra gode til å forstå kattar

Kattar kan ikkje smile. Dei viser følelsar på sitt eige vis – med kroppen, lydar og med ansiktet. Forskarar i Canada har funne at kvinnlege dyrlegar er dei flinkaste til å forstå kattar sitt ansikt.

4. Hund og katt misforstår kvarandre

Viss hunden viftar med halen, er den glad og vil ha kontakt. Men viss ein katt viftar med halen, vil den vera i fred. Den kan bite eller klore den som ikkje forstår at den vil vera åleine. Diverre er det ofte slik at hunden misforstår kva katten meinar. Men kattar og hundar som bur saman, lærer ofte å forstå kvarandre.

5. Katter drøymer når dei søv

6. Kattar snakkar babyspråk til menneske

7. Kattar kan ikkje smake søtt

8. Snu på katten sin mat

Viss katten din ikkje vil ha maten i skåla, kan du prøve å røre i den. Når maten har stått ei stund kan det nemleg hende at den ikkje luktar så mykje, og lukt er veldig viktig for kattar.

9. Katten kan høyre mus snakke saman

Mus snakkar med lys som vi menneske ikkje kan høyre. Det blir kalla ultralyd. Katten kan høyre denne lydane.

10. Ingen kan male som katten

Vi seier at katten mel når han lagar lyd medan du kosar med han. Det er det berre kattar som kan. Katten kan male samstundes som han pustar både ut og inn. Løver og andre store kattedyr kan også male, men berre litt. Dei kan nemleg berre male når dei pustar ut.

(Kjelde: Ung.Forskning.no)