Nusse et ferdigstrikka ull

Nusse ser eigentleg ut som ein heilt vanleg norsk skogskatt, men under all pelsen skjuler det seg ein stor dose galskap. Nusse er nemleg galen etter ull.

Systrene Signe (12) og Elise  (10) viser mange ullpledd, leistar og genserar som mora deira har strikka. Alle har hol i seg, fordi Nusse ikkje klarar å la vere å ete på dei.

Signe fortel at mora har ullkasser i alle rom som hindrar katten til å finne ulla.

– Mamma er veldig glad i å strikke, og ho må gøyme alt av ull i boksar og korger. Om ho ikkje gjer det, tek Nusse og et det sund.

– Mamma har sagt at om vi ikkje gøymer ullgenserane våre inne i skapa, må vi betale bot på 50 kroner plagget for det som blir øydelagt, seier Elise.

Signe med mora si hue som har blitt eten på av Nusse.

Mamma skylder oss 25 kroner kvar

Akkurat i det ho seier det løfter Signe på ei pute i sofaen og finn mora si gule ullhue. Det viser seg at Nusse har vore på den også.

– Sjå Elise! Mamma si hue har blitt eten!

– Jaja, då skuldar mamma oss 25 kroner kvar, seier Elise.

Ferdigstrikka alpakka er favoritten

Katten sin faste plass er på ei sauefelle like ved vindauget. Men den et ho ikkje.

– Det som er greia er at Nusse et berre ferdigstrikka ting. Men kvifor ho gjer det, anar eg ikkje, seier Signe.

Favoritten er alpakkaull, fortel dei. Det er den ulla som er litt loden.

Mora har spurt veterinæren om kvifor katten gjer dette, og då fortalte han at nokre kattar gjer slike ting.

– Katten har øydelagt genserar og andre ting for mange hundre kroner, seier Signe og sukkar tungt.

– Han har ete to av mine favorittgenserar.

– Ja, og han har ete ermet på ei jakke av meg, og fire gensera av meg, seier Elise.

Verdas beste katt

Systrene er veldig glad i Nusse, men synest katten er på grensa til å vere klin-kokkos.

– Eg forstår ingenting, seier Signe og klappar katten.

– Ho verkar så snill og god, men innerst inne ligg ho berre og tenker på om det skal dukke opp noko ull snart.

Veterinær Eva-Kristin Lunde fortel til Framtida junior at kattungar treng å vere saman med mor si til dei er 12 veker gamle før dei er klare for å forlate mor si. Dette er fordi kattungane har mykje dei må lære. Veterinæren ser at det kan vere ein samanheng med kattungar som blir tatt vekk frå mora si tidleg, og dei som et ull. Framtida junior vil presisere at Nusse ikkje blei tatt vekk frå kattemora før etter 16 veker.

Eva-Kristin seier det er viktig at katten har tilgang på gras, slik at kattar som får i seg ull får kasta opp det dei ikkje klarar å fordøye. Om ikkje kan det bli farleg for dei og føre til forstopping.

Har du eit rart kjæledyr? Send oss ein mail på tips@framtidajunior.no