Shaylee dansar utan å høyre musikken

11 år gamle Shaylee Mansfield har ikkje late høyrslehemminga stoppe henne frå å bli ei stjerne. Det er viktig for fleire enn henne sjølv.

Døve Shaylee Mansfield frå Texas i USA spelar ei av hovudrollene i Netflix-filmen Feel the Beat. Der er ho ein del av ein dansetrupp med særs dårlege utsikter til å vinne konkurransen dei har meldt seg på.

Nokre har dårleg syn, andre liten kondis, eller frynsete nervar, slik at dei kastar opp kvar gong det er tid for å gå på scena. Og så er det Zuzu, rollefiguren til Shaylee, som ikkje ein gong kan høyre songane ho dansar til!

Videoar der ho lærer vekk teiknespråk har blitt sett av mange millionar menneske

På spørsmål om korleis ho greier å danse utan å høyre musikken, svarer Zuzu at ho kjenner vibrasjonane. Trass i den ekstra utfordringa greier ho derfor å følgje rytmen som dei andre.

Her kan du sjå Zuzu og dei andre karakterane i filmen danse (saka held fram etter videoen):

Sjokkert

Heile familien til talentfulle Shaylee er døve, og ilag med foreldra sine har den unge skodespelaren gjort ein stor innsats for å hjelpe dei som er i same situasjon som henne.

Det var som om døve menneske ikkje blei sett på som viktige, og derfor gøymt vekk.

Videoar der ho lærer vekk teiknspråk har blitt sett av mange millionar menneske.

– Det sjokkerte meg, for då eg lagde dei var det nær umogleg for ein video med innhald for døve å gå viralt, sa Shaylee i intervju med magasinet Forbes.

– Det var som om døve menneske ikkje blei sett på som viktige, og derfor gøymt vekk.

DEI BESTE. Filmen “Feel the Beat” fortel historia om ein dansetrupp med eit dårleg utgangspunkt, som likevel greier å hevde seg i konkurranse med dei beste. Men kanskje var det likevel ikkje det å vere best som var viktigast? Foto: Netflix

Ein ny superhelt

I tillegg til å vise at teiknspråk kunne vere underhaldande og ha kulturell verdi, opna videoane ei heil ny verd for Shaylee, med tilbod om roller i ei rekke filmar.

I framtida vil eg spele i ein Star Wars-film

Det er eit viktig steg framover for fleire enn henne sjølv. Å vere skodespelar med funksjonsnedsetjing er ikkje lett i Hollywood, men Shaylee er med på å opne dei vanlegvis stengte dørene. Rolla i Feel the Beat («Kjenn rytmen» på norsk) er det foreløpige høgdepunktet, men ho har ikkje tenkt å gje seg med det:

– I framtida vil eg spele i ein Star Wars-film, eller ha rolla som superhelt!

Her kan du sjå Shaylee lære vekk amerikansk teiknspråk:

Eller kva med å lære litt norsk teiknspråk? Klikk her for å lære av Kaia (14)!