- Éin million artar (500.000 dyr og plantar og 500.000 insekt) står i fare for utrydding.
- Dei fleste hava er forureina.
- 75 prosent av den isfrie landsoverflata på jorda er betydeleg endra.
- 85 prosent av våtmarksområda i verda har gått tapt.
- 84 prosent nedgang av dyrebestandar i ferskvatn.
Rapporten viser at hovudårsaka til naturtapet dei siste tiåra, har vore arealendringar. Urørt natur er pløgd opp for jordbruk eller gjort om til beitemark, og mykje av hava er overfiska. Dette fører til at leveområde forsvinn. Forureining, spreiing av framande artar, klimaendringar og ulovleg handel med ville dyr har òg bidrege til utviklinga.