WWF saksøker Noreg for planar om gruvedrift på havbotnen

Staten håper å finne ettertrakta mineral, som kobolt, på havbotnen.

I januar sa Stortinget ja til gruvedrift på havbotnen. Planane om gruvedrift har fått sterk kritikk frå mellom andre Miljødirektoratet og EU-parlamentet, som er bekymra for kva konsekvensar gruvedrift vil ha for livet i havet.

Torsdag 23. mai gjekk WWF til sak mot staten. Dei meiner at avgjersla om å opne for gruvedrift på havbotnen ikkje er tatt på godt nok grunnlag.

– Noregs vedtak om å opne enorme havområde for øydeleggande gruvedrift, er ein forvaltningsskandale utan sidestykke. Aldri før har vi sett ei norsk regjering så arrogant overkøyre alle faglege råd og trasse åtvaringane frå eit samla havforskingsmiljø, seier Karoline Andaur, generalsekretær i WWF Verdas naturfond.