Forskarar vil fange koronavirus med statisk elektrisitet i munnbind

Svenske forskarar utviklar eit munnbind som skal stoppa viruspartiklar ved hjelp av statisk elektrisitet. Munnbinda blir lada av pusten til brukaren.

Ifølgje forskarane kan statisk elektrisitet bidra til å stoppe viruspartiklar på ein langt meir effektiv måte enn dagens munnbind, skriv Framtida.no.

Statisk elektrisitet er elektrisk lading i eller på på overflata av ein lekam. Ladninga kan vera positiv eller negativ. Det oppstår då ei elektrisk spenning mellom den ladda lekamen og lekamar utan, eller med ei anna lading.

Har du til dømes opplevd at håret står rett opp etter ein tur i ei sklie på leikeland?

– Munnbindet vårt gjer det lettare å puste enn med dagens munnbind, seier Christina Dahlström, som er prosjektleiar for arbeidet ved Mittuniversitetet til NPK-NTB-TT.

Saman med forskarar frå universitetet i Uppsala har dei fått statleg støtte til ein halvårig pilotstudie. Prosjektet er førebels i ein tidleg testfase.

Det var NPK-NTB-TT som fyrst omtala saka.