Smertefullt møte med asfalten

Ein ni år gammal gut frå Drammen er den siste av ei rekke offer for ei livsfarleg TikTok-utfordring.

Han skulle berre sykle heim igjen på den nye sykkelen sin, frå eit besøk hjå kompisen. Det kunne enda ille for den ni år gamle guten. 

Medan han sykla fall plutseleg framhjulet på sykkelen av, så guten stupte over styret og rett i asfalten, med ansiktet fyrst. Heldigvis slapp den unge guten frå Drammen frå det utan meir alvorlege skader enn smertefulle skrubbsår og kutt. 

– Men det var berre flaks, fortel mor hans, Nina Kristine Fladhus. 

– Han hadde nettopp sykla ned ein bratt bakke. Viss hjulet hadde falle av før kunne det gått mykje verre. 

Populær TikTok-utfordring

Sidan sykkelen var heilt ny mistenkte mora at nokon kunne ha tukla med den. Det viste seg at fleire av syklane som hadde stått parkert utanfor Skoger skole i Drammen hadde fått losna boltane på framhjula, slik at hjulet kunne ramle av når som helst. 

Det som hende niåringen er berre den siste av ei rekke slike ulukker dei siste månadane. Hendingane blir kopla til ei populær utfordring på den populære appen TikTok. 

– Barn som brukar appen synest det er gøy å gjere utfordringa, men dei forstår ikkje kor farlege ting det kan føre til, seier Nina Fladhus. 

– I verste fall kan nokon miste livet.