TikTok fjerna over 380.000 videoar 

TikTok har fjerna meir enn 380.000 videoar i USA så langt i år.

Grunnen til at dei har fjerna videoane er fordi dei bryt TikTok sine reglar om hatefulle ytringar, melder Reuters.

TikTok har også utestengt meir enn 1300 brukarar for hatefullt innhald så langt i år.

TIPS: Om du ser at nokon legg ut eit ugreit bilde eller video, eller skriv ein negativ kommentar eller status om andre menneske; rapporter! Det kan nokon gongar hjelpe at fleire rapporter same sak, så be gjerne vener eller andre du kjenner om å gjere det same.