Konfliktar på skulen grunna TikTok

Den siste tida er det kome fram fleire tilfelle av mobbing og konflikt grunna TikTok i norsk skule. – Vi ser at elevar dreg med seg konfliktar frå Tik Tok inn i skulekvardagen, seier Bjarte Bongom, rektor på Leirvik skule.

Han sendte nyleg ut ei melding til alle foreldre. Det viste seg nemleg at fleire elevar trur dei har privat brukar på TikTok, utan at dei har det.

Elevar på Leirvik skule er flittige brukarar av appen. Også elevar på dei yngste trinna nyttar appen der ein deler videoar av miming, dansing og andre kreative påfunn. TikTok har 13-årsgrense, slik som alle andre sosiale medium. Men, yngre barn kan bruke appen viss foreldra godkjenner det.

Melding til foreldre

– Appen har skapt fleire konfliktsituasjonar på skulen. Me opplever at elevar trur dei har lukka profil, medan den er open for alle, fortel rektor Bjarte Bongom.

MELDING: Dette er meldinga rektor sendte ut til foreldra på Leirvik skule.

Han valte difor å sende ut ei melding til alle foreldre der han ber barn og vaksne om å snakke saman om appen.

– Dette med sosiale medium er jo  ikkje direkte skulen sitt ansvar, men vi ser at elevar dreg med seg konfliktar frå TikTok inn i skulekvardagen. Dessutan er dette med nettvett noko vi skal lære om i skulen. Då er det viktig for oss å spele på lag med både barn og foreldre, seier han.