Amnesty vil straffe dei som spreier hat på nett

Netthets er den største trusselen mot ytringsfridommen i Noreg i dag, meiner Amnestys John Peder Egenæs. Han vil straffe dei som spreier hat andre har lagt ut.

Amnesty International Noreg vil endre lova slik at dei som formidlar hatefulle ytringar, kan haldast ansvarleg, skriv Framtida.no/NPK-NTB.

– Vi er alvorleg bekymra for ytringsfridommen til sårbare personar i Noreg. Einskildmenneske som både sjølv formulerer hets og formidlar vidare hets, er eit kjempeproblem. No må vi få lover som gjer einskildmenneske ansvarlege som formidlarar av innhald, seier generalsekretær John Peder Egenæs.

Kan få inntil to år fengsel

I Sverige vart ei liknande lov vedtatt i 1998. Lova kan brukast både mot bloggar og kommentarfelt, og straffa for å bryte lova er inntil to år i fengsel.

Amnesty er ein organisasjon som jobbar for at dei grunnleggande menneskerettane skal vere oppfylt for alle.