Ser du noko kjipt på nettet? Dette kan du gjere!

Her får du 6 gode tips frå Ung.no til kva du kan gjere viss du ser mobbing, utestenging eller anna dårleg oppførsel på nett.

Hugs alltid på at du ikkje er ansvarleg for å stoppe mobbing. Det viktigaste du kan gjere er å fortelje det til ein vaksen. Det kan vera helsesjukepleiar, ein lærar eller foreldra dine.

  1. Sei ifrå til dei som oppfører seg dumt. Send ei direktemelding til den som har publisert noko om nokon andre. Forklar at dette antakeleg kjennest veldig sårende for den det gjeld. Men, du bør vurdere om det er betre for deg å fortelje det til ein vaksen som kan hjelpe i situasjonen.
  2. Ikkje ta «hevn». Det kan vera freistande å ta ein skjermdump av at andre oppfører seg dumt på internett for å dele det vidare. Det er diverre ikkje så lurt – for då blir det i staden du som driv nettmobbing.
  3. Ikkje del innlegg eller videoar der noko audmjukar andre.
  4. Tenk over kva du skriv sjølv. Du kan vera eit godt førebilete! Om du skal publisere noko, fokuser på det positive. Skriv at du synest andre ser fine ut eller gje andre kompliment. Om du tenkje noko stygt om andre, ikkje legg att ein kommentar.
  5. Gje nokon ein “like”. Nokon får mange «likes» på bileta dei legg ut, medan andre kanskje ikkje får nokon. Dette kan føre til at enkelte kjenner seg utestengt eller mislukka. Om du legg merke til at nokon får veldig lite likes på bileta sine, kan det faktisk hjelpe å gje ein ekstra like.
  6. Rapportér. Om du ser at nokon legg ut eit ugreit bilde eller video, eller skriv ein negativ kommentar eller status om andre menneske; rapporter! Det kan nokon gongar hjelpe at fleire rapporter same sak, så be gjerne vener eller andre du kjenner om å gjere det same.