Framtidajunior Nyhende No blir det meir nynorsk på Store norske leksikon
Foto: Pixabay

No blir det meir nynorsk på Store norske leksikon

Nynorsk kultursentrum og Store norske leksikon går saman. Frå 2021 skal det bli meir leksikoninnhald på nynorsk.

 

Nynorsk kultursentrum har sidan 2008 arbeidd saman med ulike samarbeidspartnarar for å byggje eit nynorsk oppslagsverk. No skal det nynorske nettleksikonet Allkunne integrerast i Store norske leksikon.

– Vi er glade for å gi dei mange lesarane av Store norske leksikon meir nynorsk, seier styreleiar Knut Olav Åmås i Store norske leksikon i ei pressemelding.

Store norske har artiklar på både bokmål og nynorsk frå før, men med dette samarbeidet skal endå fleire artiklar vere på nynorsk. I tillegg skal nye emne og personar som ikkje har hatt artiklar på Store norske, bli dekte.

BOKMELDINGAR OG SISTE NYTT OM BØKER

Ville fakta om Romarriket

Visste du at romarane kanskje var betre enn oss til å byggja – og at ein keisar gjorde hesten sin til prest? Forfattar Martin Aas byr på ein haug med overraskande fakta i boka Det kuleste fra Romerriket.

VIDEOAR