Slik er mauren sitt hemmelege språk

Dei har ikkje ord som oss. Men dei klarar å sende ut beskjedar til kvarandre likevel. Men korleis gjer dei det?

Maur har sitt eige spesielle språk. Dei sender ut luktsignal frå kroppen, som andre maur kan fange opp med følehorna sine.

Maur lagar desse stoffa i giftkjertlar, i rumpa, nedst på beina og i ein kjertel nedst på magen.

Sidan maur har to følehorn, kan dei merke kva retning luktstoffa kjem frå. Det liknar litt på måten vi høyrer kor ein lyd kjem frå fordi vi har to øyre, fortel maurforskar Torstein Kvamme til Ung.forskning.no.