Forfattaren skreiv om falske fakta og heldt på å gjere feil
Ingelin Røssland er aktuell med boka «Falske fakta». På ei av sidene i boka skreiv ho noko feil som gjorde at boka måtte trykkast på ny.
Ingelin ville skrive ei bok om kva som er sant og ikkje. For som ho sjølv seier:
– Kvifor seier vi ting som vi veit ikkje er sant? Som det at vi ikkje kan bade rett etter at vi har ete?
«Falske fakta» /Gyldendal
Fakta om «Falske fakta»
Boka «Falske fakta» er illustrert og kjem ut i serien LESEBRA på Gyldendal.
Boka har 40 sider.
Boka passar spesielt godt for ferske lesarar som er opptatt av fakta og sanning.
Ingelin Røssland og Jenny Jordahls har tidlegare gitt ut bøkene «Hårete fakta» og «Blodige fakta» saman.
Heldt på å spreie falske fakta sjølv
Ingelin har opplevd å nesten formidle falsk fakta sjølv. Det skjedde faktisk med boka «Falske fakta».
I det som eigentleg skulle verre den ferdige boka skjedde det ein glipp. Der skreiv ho at folk før i tida trudde at jorda var flat. Noko som mange kanskje har lært.
– Men det er ei myte. I middelalderen visste dei faktisk at jorda var rund.
Verken forfattaren, redaktøren eller illustratøren av boka klarte å avdekke denne feilen.
– Men ein snill anmeldar las eit anmeldareksemplar og gav beskjed om denne faktafeilen.
Då blei boka stoppa, og trykt opp på nytt, med riktig fakta. Det viser kor lett det er å spreie falske fakta.
FALSKE FAKTA: Får ein makk i magen av å ete snø? Eigentleg ikkje. Fersk snø går heilt fint å ete. Einaste du skal passe på er å ikkje ete gamal snø, der fuglar eller andre dyr har satt spor. Illustrasjon frå Falske fakta/Jenny Jordahl, Gyldendal
I boka «Sprettball» møter me Lotte, ei jente som prøver å finna fotfestet etter at foreldra hennar skil lag. Men, kva skjer når alt rundt henne endrar seg? Med nye heimar, nye venner og ei kjensle av å ikkje passe heilt inn?