Visste du dette om koalaen?

Ein har lenge trudd at koalaar får mesteparten av vatnet dei treng frå dei saftige eukalyptusblada som gir grunnlaget for kosthaldet, men ny forsking viser at det er ein annan viktig måte desse ikoniske pungdyra sløkkjer tørsten.

Ein ny studie som har dokumentert koalaen i over ti år, viser at koalaen òg drikk vatn ved å slikke overflata på våte trestammar og greiner etter nedbør, skriv sciencealert.com

– I lang tid trudde vi at koalaar ikkje trengde å drikke mykje i det heile fordi dei fekk mesteparten av vatnet dei treng for å overleve i blada dei lever av, seier zoolog Valentina Mella frå Universitetet i Sydney.

– Dette endrar forståinga vår av korleis koalaen får vatn i naturen. Det er veldig spanande.