Magnus og Viktor laga heimeleir

Magnus Øfsti Fidtje (10) og Viktor Øfsti Fidtje (13) laga speidarleir heime i hagen. Ein slik leir kan du også lage ei helg no når du er heime.

På terrassen heime i Stavanger har dei rigga seg til med hengekøye og kakao i koppane. Både Magnus og Viktor har gått i Godeset Speidergruppe i mange år. Magnus i fire, og Viktor i seks år – så dei har god erfaring med å vera ute i naturen.

– Mamma kom med forslag om heimeleir sidan vi ikkje kunne reise vekk i påska. Tidlegare har vi reist på hytta eller til besteforeldra våre i Trøndelag, fortel Magnus.

GOD FØLELSE: Før dei skulle legge seg låg begge i hengekøya på terrassen. – Då kom mamma med kakao og marshmallows. Det føltes som om vi var på ein ekte speidarleir då, fortel Magnus. Foto: Privat

– Vi søv ein del i hengekøye ute om sommaren, men har aldri gjort det så tidleg som no, fortel Viktor. 

Dobbel sovepose

Viktor søv ute, medan Magnus søv inne.

– Eg hang hengekøya på terrassen med ein tarp over. Det er ein slags presenning. Det er viktig med liggeunderlag oppi hengekøya, for det blir veldig kaldt utan. Eg brukte også to soveposar inni kvarandre, sidan det framleis er ganske kaldt, fortel Viktor.

Han vakna to gongar den fyrste natta. 

– Det var ein del vind, så tarpen laga ein del lyd. Elles var det ikkje kaldt. Eg hadde på meg ullundertøy og hue, fortel han.

KOS INNE: Magnus hang si hengekøye opp inne på rommet sitt. Han har ikkje sove ute endå, og likar best å bruke hengekøya ute på dagen. Foto: Privat

Magnus hang si hengekøye opp inne på rommet sitt. Han har ikkje sove ute enno, og likar best å bruke hengekøya ute på dagen. 

– Eg vakna også litt på natta. Det er jo litt rart at senga rører på seg. Men det er godt å sove der! fortel han. 

Kakao og marshmallows

Før dei skulle legge seg låg begge i hengekøya på terrassen. 

– Då kom mamma med kakao og marshmallows. Det føltes som om vi var på ein ekte leir då, fortel Magnus.

På speidarleir er det flaggheis kvar morgon. Gutane hadde også ein seremoni ein av dagane. 

– Då brukte vi eit lite bordflagg og song speidarsongen, fortel Viktor.

– Vi har også laga mat på primus. Vi gjekk på tur til ei strand, og der kokte vi påskeegg. Då putta vi laukskal i panna saman med egget – då blir dei nemleg så gule og fine!, fortel han. 

PÅSKEEGG: Gutane gjekk på tur til ei strand for å koke egg. Med lauk i panna blei egga gule! Foto: Privat

– Vi kunne ikkje tenne bål. Det er nemleg brannfarleg no, seier Magnus.

Gutane steikte også lapper på stormkjøken. 

– Det er kjempegodt med sukker og syltetøy på!

Speidarar går mykje på tur, så det har dei også gjort denne påska. 

– Då hadde vi også med hengekøya. Det er veldig fint å ha den med når vi skal ete lunsj. Då slepp vi å sitje på bakken, seier Viktor.