Du kan finne skattar frå verdsrommet

Du kan finna støvkorn frå det ytre rom i din eigen hage. Ein mikrometeoritt kan vera noko av det eldste du kan halde i handa.

Enkelte støvkorn frå verdsrommet er eldre enn sola, skriv NRK. Forskarar trur mykje av stjernestøvet kjem frå kometar. Desse små mikrometeorittane fell til jorda i fantastiske fasongar.

Arnstein Staverløkk har verdas tredje største private samling av mikrometeoritter. Han har funne over 720 eksemplar.

Her kan du sjå fleire bilete Arnstein har tatt av ulike mikrometeoritter i NRK-artikkelen.

Storleiken varierer frå 0,1 til 1 millimeter. Dei har same storleik som eit punktum.

Foto: Arnstein Staverløkk