Noreg har nettopp lova å kutta minst halvparten av klimautsleppa våre. Då må alle gjera ein innsats.
Regjeringa har fått ei lang liste over tiltak som må gjennomførast for å få dette til.
Dei viktigaste tiltaka er:
- Fleire elbilar
- Meir transport med sykkel, gange, buss og tog
- Båtar og skip som er utsleppsfrie, som går på til dømes batteri eller hydrogen
- Ikkje kast så mykje mat
- Et mindre kjøt og meir grønsaker
Miljødirektoratet reknar med å kutta mest utslepp frå vegtransport, jordbruk, sjøfart, fiske og havbruk.