Kva namn skal Mars-roboten få?

I sommar skal romfartsorganisasjonen NASA sende ein ny robot til planeten Mars. Amerikanske barn har funne fram til ni moglege namn. Kva likar du best?

I fjor sommar fekk amerikanske barneskulebarn ei utfordring, skriv Ung.Forskning.no. Dei skulle finne eit godt namn til den nye roboten som skal utforske planeten Mars! Elevane skulle sende inn forslaget sitt, saman med ei forklaring av kvifor akkurat dette namnet kunne passe.

NASA fekk inn over 28 000 forslag!

No har dommarar valt ni finalistar:

1. Endurance. Namnet tyder uthald, og blei sendt inn av Oliver Jacobs frå staten Virginia.
2. Tenacity. Namnet tyder å vera urokkeleg eller seig, og blei sendt inn av Eamon Reilly frå staten Pennsylvania.
3. Promise. Namnet tyder eit løfte, og blei sendt inn av Amira Shanshiry frå staten Massachusetts.
4. Perseverance. Namnet tyder å vera iherdig, og blei sendt inn av Alexander Mather frå staten Virginia.
5. Vision. Namnet tyder syn eller å vera framsynt, og blei sendt inn av Hadley Green frå staten Mississippi.
6. Clarity. Namnet tyder klarleik, og blei sendt inn av Nora Benitez frå staten California.
7. Ingenuity. Namnet tyder oppfinnsemd eller det å vera genial, og blei sendt inn av Vaneeza Rupani frå staten Alabama.
8. Fortitude. Namnet tyder mot, og blei sendt inn av Anthony Yoon frå staten Oklahoma.
9. Courage. Namnet tyder å vera tapper, og blei sendt inn av Tori Gray frå staten Louisiana.

Får vera med på utskytinga

Vinnaren av Mars-konkurransen blir kåra i mars, og eleven som går av med seieren får vera med når romskipet med Mars-roboten skal skytast ut frå Cape Canaveral Air Force Station i USA. Det skjer i juli eller august 2020.
Så skal roboten reise i fleire månedar før den endeleg er framme på den raude planeten i februar 2021. Der skal den leite etter spor av tidlegare liv, og ta prøvar frå overflata.