Leah Ovidia (13) er Astrid i «Klassen» på NRK Super: – Me bryr oss ikkje om å vera populære

Leah Ovidia Langeland fekk drøymerolla i konkurranse med nesten 3000 andre barn. No veit ho kva ho vil jobbe med i framtida.

13-åringen frå Stord sat og scrolla på Instagram. «Vil du bli skodespelar?» stod det ein stad. Det einaste ho måtte gjere var å sende inn ein video til NRK Super der ho forklara kven ho er i klassen, og kven ho er i venegjengen.

– Eg spurte mamma og pappa om lov, og sendte inn ein video, fortel Leah Ovidia.

FEKK ROLLE: – Etter fleire auditionar fekk mamma og pappa e-post om at eg fekk ei rolle i serien, fortel Leah Ovidia. Foto: Janne Nerheim

Ei stund gjekk, og ho fekk melding om at ho var vidare. Ho fekk i oppgåve å sende inn endå ein video – denne gongen skulle ho lese frå eit manus ho hadde fått tilsendt. 

– Etter fleire auditionar fekk mamma og pappa e-post om at eg fekk ei rolle i serien, fortel Leah Ovidia.

Foreldra filma reaksjonen

I sommar pakka heile familien for å vera ein månad i Oslo. Der leigde dei ein leiligheit. 

– Vi har vore ein del gongar i Oslo for innspeling, frotel ho

«Klassen» vart spela inn i ferien, så det gjorde at det vart mogleg for familien å reise. 

– Det har vore veldig gøy! Ei fantastisk oppleving. Eg kunne gjerne gjort alt om att. Venskapa eg har fått der, dei trur eg vil vare livet ut, seier ho.

Kjenner seg att i karakteren

Karakteren ho spelar, Astrid, kjenner ho seg att i. 

– Me er ganske like. Begge har bein i nasa, og me seier ifrå om noko er feil. Me bryr oss heller ikkje om å ha merkeklede eller om å vera populære, seier Leah Ovidia.

Dei ulike temaa som blir tatt opp i serien kjenner ho også att i sin eigen 8. klasse på Nordbygdo ungdomsskule.

ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER BILETET.

NY SERIE: NRK Super si storsatsing «Klassen» finn du på nrksuper.no. FOTO: NRK

– Det er ikkje alt eg har sett eller opplevd sjølv, men ein del er det. Det er mange viktige tema som blir tatt opp, seier ho.

Får skryt for dialekta

I serien snakkar Leah Ovidia stord-dialekt. Dialekta er viktig for ho.

– Dei eg spelar i lag med har kommentert dialekta mi som noko positivt. Dei seier at eg har ei veldig sterk dialekt. Dialekta gir meg eit personleg preg – viss folk høyrer meg snakke, veit dei at det er meg, seier ho.

Leah Ovidia har gått på Kulturskulen i eit år. No satsar ho på fotball og teater. Erfaringa med «Klassen» har gjort at ho har bestemt seg for kva ho vil jobbe med i framtida.

– Etter ungdomsskulen vil eg gå på linja «musikk, dans og drama» på vidaregåande. Så ønskjer eg å gå på Teaterhøgskolen. Eg vil bli skodespelar.