«Pølsetjuven»-Marianne: – Gøyast å teikna boka

Marianne Gretteberg Engeberg har skrive boka «Pølsetjuven». Boka blei nettopp kåra til ei av dei beste nynorske bildebøkene for barn dei siste 20 åra.

Boka handlar om Kjell på ni år, som er fødd inn i ein tjuvfamilie, der alle er tjuvar.

– Men Kjell er ikkje så veldig flink til å vera tjuv, fortel forfattaren i intervjuet med Framtida Junior-journalist Noelle.

– Kva det gøyaste med å laga boka?

– Dei gøyaste med å laga boka, var å teikna. Og det vanskelegaste var nok å skriva, for det har eg aldri gjort før.

Plukka dei yrka som var gøy å teikna

I boka møter me mange folk i byen til tjuvfamilien.

– Korleis kom du på alle karakterane i byen?

– Då prøvde eg å tenka på kva som var gøyast for meg å teikna. Det er meir morosamt å teikna malaren enn tannlegen, for eksempel. Så eg laga ei liste over alle yrke eg kom på, og så plukka eg dei som eg tenkte det var gøy å teikna.

5 kjappe spørsmål

– Bok eller teikneserie?
– Då må det bli teikneserie.

– Godteri eller gjera lekser?
– Godteri!

– Strikkegenser eller boblejakke?
– Boblejakke!

– Synga i dusjen eller synga på scenen?
– I dusjen!

– Alltid le på feil plass, eller alltid snubla på butikken?
– Eg ler alltid på feil plass allereie, så då er det det.

Sjå heile intervjuet i videoen over!

Her kan du stemma på dei beste bildebøkene for barn!