Det blir fleire og fleire peparkakebygder

I Bergen byggjer dei verdas største peparkakeby kvart år. Men det er ikkje lenger berre i byane ein kan sjå peparkakehus på utstilling.

FAKTA: Peparkaker
  • Peparkake er ein type kjeks som blir laga i samband med jula.
  • Deigen inneheld kveitemjøl, sukker, smør, sirup, natron eller hjortetakksalt. I tillegg er det alltid fleire ulike krydder i – både kanel, nellik, ingefær og kardemomme.
  • Det er ikkje eit fast krav at deigen skal innehalde pepar, sjølv om det er dette krydderet som gav kjeksen namnet.
LES FAKTALUKK FAKTA

Når ein peparkakebakar bakar bakar peparkaker kaker.. blir det eit peparkakehus til peparkakebygda! I den vesle vestlandsbygda Skånevik er det kome inn mange hus i alle slags storleikar og fasongar. Nokon har laga ein kopi av sitt eige hus, nokon har laga ein butikk i gata, eller eit fantasihus. Nokre av bedriftene i bygda har laga ein modell av bygningane dei held til i, og lag- og organisasjonar har også bakt. 

TRADISJON: Kamilla og Ida Magrethe håpar på at det kjem ein ny invitasjon til å lage peparkakehus neste år.
Foto: Janne Nerheim

– Dette er fyrste gong vi lagar ei peparkakebygd, seier Irmelin Molnes som saman med systra Marita Molnes, har teke initiativ til å lage utstillinga.

Irmelin har hatt ein draum om å lage peparkakebygd i fleire år.

– Eg har snakka om det, men mangla nokon som sa “me gjer det!”, fortel Irmelin. 

OPNINGA: Det var mange som møtte fram for å nyte synet av peparkakebygda. Foto: Janne Nerheim

– Det har i grunn ikkje vore så mykje arbeid med det. Vi laga ein lapp med informasjon om at folk kunne levere inn hus, og så måtte vi jo setje saman bygda i utstillingsvindauga vi fekk låne i gata, fortel Marita.  

Likar å pynte

Kamilla Tveiten (10) likar å lage peparkakehus, og ho er ein av mange som har bidratt.

Det er gøy! Eg likar best å pynte dei, fortel Kamilla som har laga to små hus heilt sjølv.

Eg gjorde det meste, men eg steikte dei ikkje åleine, fortel ho.

Kamilla blei imponert då ho såg alle husa som står på utstilling i vindauga.

Det vart så koseleg og stort. Større enn eg trudde det kom til å vera, seier ho.

Stort prosjekt

STORT: Ida Magrethe har laga eit av dei største husa i bygda saman med mor si. – Mamma er frisør, så vi har laga huset der salongen er.
Foto: Janne Nerheim

Ida Magrethe Sydnes (11) har laga eit av dei største husa i bygda saman med mor si.

Mamma er frisør, så vi har laga huset der salongen er. Eg var med på å skjere ut, og å pynte, fortel ho.

I tillegg har Ida Magrethe laga eit hus saman med ei venninne.

Bygda blei veldig fin. Eg likar i grunn alt ved den, seier ho.

Begge håpar på at det kjem ein ny invitasjon til å lage peparkakehus neste år.