«Aru Shah og dommedagsdansen»: Spanande frå første til siste side

Aru Shah og dommedagsdansen er ein imponerande fantasyroman som passar perfekt for dei som likar Harry Potter.

Fakta

Aru Shah og dommedagsdansen
Roshani Chokshi
Fantasy-roman
Vigmostad Bjørke

LES FAKTALUKK FAKTA

Aru Shah og dommedagsdansen er første bok i ein heilt ny serie. Boka er tjukk og ikkje særleg lettlesen heilt utan illustrasjonar. Ho passar kanskje best for barn mellom 11 og 14 år. Fantasyromanen inneheld alt ei fantasy-bok bør ha: Ho er morosam, drivande, utruleg spanande, har fantastiske karakterar og ho er veldig lærerik.

Aru Shah bur på eit museum for indisk kunst og kultur saman med mor si. Ho prøver å passe inn på den snobbete skulen ho går på ved hjelp av å ljuge. Men det er ikkje alltid det går like bra. Ho har aldri sett far sin, og veit ikkje kven han er. Men ho har ikkje lurt så særlig på det. På museet er det ei lampe som mora seier at Aru ikkje skal tenne eller gjere noko med. Men då dei populære i klassen til Aru kjem på besøk, bryt Aru likevel reglane. Ho tennar lampa, noko ho aldri skulle gjort.

På ei nervepirrande reise for å stoppe tida i å ta slutt, oppdagar ho at ho er noko spesielt. Ho møter den irriterande dua Subala som skal vere hennar følgjesvein og rådgivar, og kunnskapsrike Yamini. Saman dreg dei ut på ei reise inn i gudenes og demonanes verd for å nedkjempe sovaren. Men kva er det sovaren veit om mora som ikkje Aru veit?

Etter kvart dukkar også dette spørsmålet meir opp for Aru: Kven er eigentlig faren hennar? Er han den ho vil han skal vere?

Roshani Chokshi kjem verkeleg til å imponere deg med denne boka. Ho er spanande frå første til siste side og har ein dramatisk slutt ulik mange andre fantasy-bøker. Ho stiller opp med informasjon om mytologien og gudane på ein måte som kan få deg til å hyle av begeistring. Dette er verkeleg ei bok som kan ta opp kampen med Amuletten og andre kjente spenningsseriar.

Les meir om Framtida Junior sin bokmeldar Ragnhild Tonning her: – Favoritten min er fantasy

LES FLEIRE BOKMELDINGAR I BOKKALENDEREN!