«OLLIS»: Liknar ikkje på noko eg har lese før

BOKMELDING: Ollis er ein spennande, morosam og rørande roman om vener, familie, løgner og det å føle seg utstøtt.

BOKKALENDER: OLLIS er ein frittståande og uavhengig barneroman av Ingunn Thon. Den er skriven på ein litt spesiell måte, og liknar ikkje særleg på noko eg har lese før. Boka byr på flotte illustrasjonar frå Nora Brech i same stil som framsidebiletet, og det gjer den meir fengande. Fortellinga passar best for barn i 8 til 11-årsalderen, men eignar seg og for høgtlesing for heile familien. Den er passe lettlesen med nokre sider med berre teikningar.

Ollis, eller Oda Lise Louise Inger Sonja, er 10 år gammal og tør ikkje sove med døra lukka. Men ho kan byggje om ein hjulvisp til ein tannbørstemaskin. Gro, hennar beste ven og nabo, er hennar rake motsetning. Som kamuflasjeekspert og full av ville idéar får ho Ollis med på ein tur i skogen der dei bryter Ollis mammas regel om kor langt vekk frå huset ho får gå. På turen oppdagar dei ein forlaten gul postkasse, som er tom og uinteressant. Men er den eigentlig så forlaten som dei trur? Og kven bur i huset lenger inn i skogen?

Heime hos Ollis er alt snudd på hovudet og stokka om på. Mammas masete kjærast har flytta inn og tatt hennar plass, og Ollis har fått ein veslebror som og treng merksemd. Ollis leitar etter sin plass i familien, men det viser seg å være vanskeleg å finne han. I staden blir ein annan person i familien som ikkje har vore så særleg mykje omtalt, vekt interesse for. Med dette skildrar Ingunn Thon eit problem som ein kan kjenne seg att i.

Ollis er ein spennande, morosam og rørande roman om vener, familie, løgner og det å føle seg utstøtt. Boka begynner med ein enkel start der vi får ei innføring i korleis Ollis har det, og byggjer seg opp til eit virvlande kaos der ingenting går som planlagt.

Les meir om Framtida Junior sin bokmeldar Ragnhild Tonning her: – Favoritten min er fantasy