«Eksperimentet»: – Hysterisk morosam, innimellom

BOKKALENDER: Harald Nortun har skrive fleire bøker, men Eksperimentet høyrer ikkje til nokon serie, og er ei heilt frittståande bok. Det er ei hysterisk morosam forteljing om to tvillingar som byter identitet, gut blir jente, jente blir gut.

Eit minus med boka er at det ikkje skjer så mykje, der er ikkje eit spesielt punkt som er veldig spanande, bortsett frå heilt på slutten. Men likar du best bøker der du ikkje må halde styr på så mykje, kan denne passe bra. Den er ikkje så veldig lettlesen, utan illustrasjonar og med ganske mykje skrift. Til gjengjeld er boka ganske kort, så det tar ikkje veldig lang tid å lese ho. Boka passar kanskje best for barn i 9- til 12-årsalderen.

«Vi kan byte namn» seier Amund til Amanda på toget på vei til hytta til besteforeldra. Dei er tvillingar og nesten prikk like, sidan Amanda fekk eit målingsspann i håret då dei skulle måle huset og måtte klippe av seg alt. Amanda går med på det vesle eksperimentet, som berre skal vare for ein kveld. Men akkurat idet dei skal til å avsløre seg for besteforeldra, får dei besøk. Ein gut og ei jente står utanfor huset. Og dei gjennomskodar ikkje spøken. Silje tar med seg Amund, Stefan går med Amanda. Stefan synest jenter er pysete og feige, Silje synest gutar er teite. Men Amund likar å vere venen til Silje, Amanda passar som gut. Då blir det vanskeleg å byte tilbake.

Amanda synes eksperimentet er berre gøy, medan Amund vil bytte tilbake så for å få det overstått. Nokon gonger er dei litt uforsiktige og er nær å avsløre seg. Desse punkta er veldig morosame. Men kva skjer når det Amanda seier og gjer blir registrert som noko Amund gjer? Og motsett? Amanda og Amund hamnar til slutt midt oppi et kaos der rykte og tillit står på spel.

Les meir om Framtida Junior sin bokmeldar Ragnhild Tonning her: – Favoritten min er fantasy