«Gresshoppenes sang»: Minner om Alice i eventyrland

BOKKALENDER: Gresshoppenes sang er skriven av av Julia Kahrs.

FAKTA
  • Gresshoppenes sang
  • Forfattar: Julia Kahrs
  • Forlag: Gyldendal
  • Sjanger: Fantasy
LES FAKTALUKK FAKTA

Gresshoppenes sang handlar om ti og eit halvt år gamle Myrthel som er glad i å samle på ting og lese bøker. Når Myrthel og mødrene hennar er på påskeferie, blir dei plutseleg tatt av eit snøras på tur.

Myrthel vaknar opp i ei seng på sjukehuset, tilsynelatande uskadd, men seinare oppdagar ho at ho kan høyre grashoppene snakke. Ho kan snakke med dyr! Dei vaksne trur henne sjølvsagt ikkje, og meiner i staden ho har blitt traumatisert av snøraset.

Derfor sender dei ho til Skoklefald sanatorium der ho skal bu i to veker saman med tre andre barn. Alle barna har kva si spesielle evne slik som Myrthel.

Ein dag må Bitten- styraren reise bort og barna må ta grep sjølve. Dette byr på nokre problem, og i tillegg byrjar merkelege ting å skje på sanatoriet…

Boka er verkeleg original. Ho er både spennande, trist og ikkje lite galgenhumoristisk! Myrthel er nyfiken og modig. Det verkar nesten som om ho likar at livet hennar er stappfullt av vanskelege utfordringar. Nokre gongar reagerer Myrthel på litt merkeleg vis. Boka har mykje til felles med Alice i Eventyrland.

Handlinga utspelar seg for det meste på sanatoriumet som ligg utanfor tettstaden Son, der forfattaren har vakse opp.

Boka er ikkje del av ein serie og eg trur ho passar for både gutar og jenter mellom 11 og 13 år.

Les meir om Framtida Junior sin bokmeldar Eirin Støfringsdal her: – Eg er frykteleg glad i Harry Potter!

SJÅ FLEIRE BOKMELDINGAR I BOKKALENDEREN VÅR HER!