Vi møtte skodespelarane i Snøfall: – Eg synest eg ser så liten ut i serien

Årets julekalender Snøfall blei vist på TV første gong i 2016. Skodespelarane har blitt ein del år eldre enn det dei er på TV-skjermen.

Rolleliste i Snøfall:
  • Selma – Siri Skjeggedal
  • Ruth – Kjersti Elvik
  • Julius – Trond Høvik
  • Winter – Vidar Magnussen
  • Pil – Kevin Haugan
  • Frida – Charlotte Myrset
  • Hjerterud – Iselin Shumba
  • Håkon – Even Aakre
  • I øvrige roller: Calle Hellevang Larsen, Nils Jørgen Kaalstad, Cecilie Mosli, Håvard Lilleheie, Johannes Joner, Hege Schøyen, Maria Bock
  • Manusforfattarar: Hanne, Hilde og Klaus Hagerup og Synne Teksum.
LES FAKTALUKK FAKTA

Det var ei stor oppleving med mykje folk på innspelinga. Alt var så mykje større enn det eg hadde vore med på tidlegare, seier Even Aakre. 

Eg hugsar veldig mykje frå heile serien. Men det er vanskeleg å trekkje fram berre éin ting, seier Siri Skjeggedal. 

ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER BILETET.

SNØFALL: Her er Julius (Trond Høvik) saman med Frida (Charlotte Myrset), Håkon (Even Aakre), Pil (Kevin Haugan) og Selma (Siri Skjeggedal). Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Innspelinga tok nokre år, og når Snøfall endeleg kom på TV-skjermen var det spente skodespelarar som kom på skulen 2. desember. Då skulle dei endeleg få tilbakemelding frå klassekompisar.

Alle var så positive og nysgjerrige på handlinga i serien, noko eg ikkje fekk fortelje noko om. I tillegg susa det inn mange meldingar, fortel Kevin Haugan.

Mange blei skuffa i starten

For Even var det litt annleis å møte opp på skulen.

På skulen min møtte eg mange som var skuffa. Dei hadde høyrt at eg skulle vere med i julekalenderen, men så var eg ikkje med i første episode. Men etter 2. desember var eg med, og då fekk eg ein del merksemd, seier Even med eit smil.

Dei har vorte ein del år eldre enn då dei spelte inn serien. Utanom Kevin, som var 13 då han byrja med innspelinga, var Siri, Charlotte og Even rundt ni år då filminga starta. No er dei 14, og går på ungdomsskulen, medan Kevin er 17 år.

Eg synest eg ser så liten ut i serien, seier Charlotte Myrset som spelte Frida.

Siri Skjeggedal som spelte hovudrolla Selma, hadde aldri gjort noko liknande før. 

Å sjå seg sjølv på TV er litt kleint, men også veldig hyggeleg, seier ho. 

– Men det er kult også, for vi kan mimre tilbake til den tida. Eg er stolt over det eg har gjort, seier Kevin. 

Framleis like populær julekalender

Julekalenderen på NRK er ein viktig tradisjon i Noreg. Både barn og vaksne ser på han saman, som kanskje er litt utypisk for andre barneprogram. 

Snøfall er ein av dei mest sette julekalenderen NRK har laga, og på siste episoden i 2016 såg heile 1,8 millionar menneske korleis historien slutta.

Noko av det eg syntes var fint var at eg fekk så mange positive tilbakemeldingar frå vaksne. Det synest eg var kult, seier Even.

Ja, serien nådde heile spennet frå ungt til gamalt, legg Kevin til.