SJÅ VIDEO: Song saman med MGPjr-vinnarane

Jannick-Marie (10) og tvillingbroren Lars Adrian Gracias Mellebye (10) var to av 42 barn som fekk synge saman med Anna og Emma. 

Fakta om Popsenteret:
  • Popsenteret er eit museum som held til på Grünerløkka i Oslo
  • På museet kan du lære meir om norsk populærmusikk.
  • Historien blir vist gjennom digitale installasjonar, utstillingar og opplevingar der du som besøker museet kan delta.
  • Popsenteret er ikkje berre eit museum, men også eit senter som viser fram kva som rører seg i dagens musikk-Noreg.
LES FAKTALUKK FAKTA

Det har vore så mykje fokus på miljø dei siste åra, og det er viktig å tenke på det. Difor ville vi lage ein song om klimaet, fortel Anna frå scenen. 

Det er mange ting ein kan gjere. Resirkulere, slutte å ete raudt kjøt og fly mindre. Men det viktigaste er å legge press på dei vaksne. Dette med klima var ikkje så viktig å tenkje på då dei var yngre, men det er det no, seier Emma.

Artikkelen held fram under biletet.

ENGASJERTE: Anna og Emma opplever at barn og unge som lyttar til musikken deira fortel om at dei bryr seg meir om klimaet. Det er fint å høyre, seier jentene. Foto: Janne Nerheim

Laga sceneshow

Popsenteret i Oslo inviterte barn og unge til å lage musikk saman med MGPjr-vinnarane i haustferien. Ungane som hadde møtt fram øvde på songen «Kloden er syk» og bevegelsar til sceneshowet. Etter at dei hadde øvd gjennom alt dei skulle gjere, fekk dei halde konsert saman med Anna og Emma. Og det vart litt av eit sceneshow. Med lys, lyd, effektar og alt ein treng for å lage konsert. Publikum jubla og klappa. 

Klimaet er viktig

Anna og Emma opplever at barn og unge som lyttar til musikken deira fortel om at dei bryr seg meir om klimaet. Det er fint å høyre, seier jentene. 

Klimaet er eit viktig tema, Det handlar om heile jordkloden, og viss vi ikkje bryr oss om den, ja, då har vi ingenting att, seier Anna.

Det er det vi trenger for å leve. Planeten er på ein måte ei mor for oss alle saman. Det er her vi går til skulen, det er her vi søv, seier Emma.

Gøy å møte Anna og Emma

Det var kjempegøy å møte vinnarane av MGPjr! Det var heilt utruleg, seier Jannick-Marie Gracias Mellebye (10). 

Artikkelen held fram under biletet.

POPSENTERET: Jannick-Marie (10) og tvillingbroren Lars Adrian Gracias Mellebye (10) var to av 42 barn som fekk lage konsert saman med Anna og Emma på Popsenteret. Her ser du dei som nummer fire og fem frå venstre. Foto: Janne Nerheim

Ja, det var heilt fantastisk. Vi fekk vera med i showet deira, seier Lars Adrian Gracias Mellebye.

Vi har ingen planet B, så vi må ta vare på den vi har, seier Jannick-Marie.

Vi bruker handlenett i butikken, sorterer søppel og av og til spør eg læraren om eg kan få ein pose eg kan plukke søppel i, fortel Lars Adrian.