Unge turnarar kvalifisert til dei olympiske leikane

Sofus Heggemsnes (19) og Julie Erichsen (18) er to av Noregs flinkaste turnarar. No har dei kvalifisert seg til dei olympiske leikane.

Julie er fyrste norske kvinne som kvalifiserer seg til OL i turn på 28 år. Olympiatoppen bestemmer om dei norske utøvarane får reise til OL.

Viss dei seier ja, blir det fyrste gong Noreg stiller med begge kjønn i turn i OL.