Desse dyra er for stygge til å vere på museum

Den 14. oktober opnar Naturhistorisk museum på Universitetsmuseet i Bergen igjen etter nokre år med stengte dører. Men ikkje alle får vera med på festen.

– Mange av dei gamle objekta bar preg av at dei som stoppa dei ut aldri hadde sett dyret i røynda, seier formidlingsleiar Kari Årrestad til Bergens tidende.

Omlag halvparten av dyra er nyinnkjøpte når museet igjen tek imot gjestar. Dei gamle som får bli med tilbake er blitt restaurerte og har til dømes fått meir livaktige augo og ekstra pels.

Desse dyra får ikkje vere med på utstillinga

I ein Facebook-video frå Universitetet i Bergen viser Terje Lislevand fram nokre av dyra for aller siste gong. Desse skal nemleg ikkje vera med i dei nye utstillingane.

– Her er det ganske mykje som er feil, seier Lislevand og viser fram ein tiger.

Han forklarar at både ansiktsuttrykk og kroppshalding er feil, men ikkje minst fargane på den utstoppa tigeren. Den er nemleg blitt måla og spraylakkert, og han trur det kan skuldast at ein ikkje visste så godt som i dag, korleis ein tiger faktisk ser ut.

– Det hende nok at dei måtte tippa litt. Dessutan fanst det då som no både gode og dårlege preparantar, og det er nok ikkje alle dyra våre som er gjort av dei beste fagfolka, fortel Lislevand på Universitetet i Bergen sine eigne sider.

Tigeren er måla og over hundre år gamal. Ikkje så rett, i følgje Lislevand. Foto: Skjermdump frå video/Torill Sommerfelt Ervik/UiB

Ynskjer eiga utstilling for «dei etterlatne»

Marie Kleppe. Foto: Privat

Etter at videoen vart lagt ut er det mange i kommentarfeltet som har ynskja seg ei eiga utstillinga med dei «for stygge» dyra.

24 år gamle Marie Lovise Skansen Kleppe, starta underskriftskampanje då ho såg videoen.

– Eg synest det er veldig dumt at desse dyra som ein gong levde, skal stuast vekk og kanskje aldri brukast igjen, seier ho til Framtida.no.

Ho meiner dyra framleis kan læra oss mykje og at det er ein verdi i å sjå korleis folk såg på dyr og taksidermi (utstopping) for 100 år sidan, og kor langt teknologien og vitskapen har kome.

– Det er også ein fin kontrast som kan framheva kor bra dei nye dyra er.