MIN HOBBY: – Å vera med hestar gjer meg roleg

Juniorjournalist Johanna (11) har intervjua Vilde Garthe Gundersen (11) om korleis det er å ha riding som hobby.

Namn: Vilde Garthe Gundersen 

Alder: 11 år

Bustad: Rånåsfoss i Sørum kommune

Kva hobby driv du med? 

Riding. 

Kva tid starta du?
– Eg starta då eg var 5 år.

Kor ofte trenar du?
Eg rir kvar onsdag. Fyrst ein time på hesteryggen, før eg går og leier dei yngste 1 time etterpå.

Kvifor blei det akkurat dette som blei hobbyen din?

– Like før eg vart fem år var eg med mamma på butikken. Vi gjekk forbi ei oppslagstavle med bilete av hestar. Eg spurde mamma om ho kunne lese teksten under bildet. Ho las høgt om eit ridekurs som starta i mars månad. Akkurat den månaden eg hadde bursdag. Då sa eg til mamma at eg ønska meg eit kurs til bursdagen, og slik vart det.

Kva er det med denne hobbyen som gjer at du framleis vil drive på?
Det er gøy! Eg likar å vera i nærleiken av hestar. Det gjer meg roleg.

Kva er målet ditt med hobbyen?
Eg har lyst på hest. Helst islandshest. Den har nemleg så mange ulike måtar å bevege seg på. 

Kva gjer du dei dagane du ikkje vil dra på trening?
Eg har alltid lyst å gå dit. Då mamma punkterte bilen måtte eg sykle til ridinga, og det gjorde eg med glede. Det er viktig for meg å komme dit.

Kor god er du på ein skala frå éin til ti?
Eg har mange ting eg må øve på. Eg er ikkje proff. Kanskje 4 eller 5? Eg føler framleis det er mykje å lære. 

Kva må du jobbe meir med for å bli endå betre?
Eg må hugse på alle dei små tinga. Til dømes å presse hælen ned. Det kan nemleg hjelpe meg å sitje rett.

Kva vil du seie til dei som lurar på om dei skal byrje med akkurat det du driv på med?

– Viss du synast at hestar er fine dyr, og har vurdert å starte, ville eg gjort det med ein gong. Då eg starta var det vanskeleg, men gøy også. Det er framleis vanskeleg, men det blir berre betre og betre.