Kva er eigentleg ein RUSS?

I mai kjem du sikkert til å sjå russ i både raude, blå, grøne og svarte klede. Men kva er eigentleg ein russ?

Russefeiring er ein erkenorsk tradisjon.

Ein russ er ein avgangselev frå den vidaregåande skulen. Det betyr at eleven er i ferd med å fullføre vidaregåande skule, og kan byrje å studere.

Før var russefeiringa ei markering for fullført vidaregåande skule. No foregår feiringa frå 1. – 17. mai, før dei har hatt eksamen.

Russeknutar

Russen har ei russelue med ein svart dusk. Dersom russen gjer ein russeknute får dei feste ein ting i dusken. Det er mange forskjellige knutar dei kan gjere. Ein russeknute er å bade utandørs før 1. mai – då kan dei feste ein ispinne i dusken.

Skal du bli russ?

Skal du bli russ?

JA!142
Kanskje...23
Veit ikkje21
Har lyst14
NEI!41
Trur ikkje det4
Svar totalt: 245
Russetog ved slottet i Oslo. (Foto: Sesse/Wikipedia)