Har du sett denne ugla?

Hugser du ugla Harry Potter fekk i bursdagsgåve? Norske forskarar prøver no å finne ut kor mange snøugler vi har i Noreg.

Dei fleste av oss får aldri sjå ein slik sjeldan skapning. Uglene er nemleg svært sjeldne, skriv Forskning.no. Dei er faktisk så sjeldne at forskarane er bekymra.

I fjor blei snøugler berre sett 38 gongar i Noreg.

Ser du ei snøugle? Ring NINA-forskar Karl-Otto Jacobsen. Telefonnummer: 996 38 430.