NY STUDIE: Barn og unge beveger seg mindre enn før

Norske 15-åringar sit stille nesten to tredjedeler av dagen. Aktivitetsnivået til gutar i 9-årsalderen har også gått ned, viser ein ny studie. Tala er urovekkjande, seier norsk forskar.

FAKTA:
  • Alle barn og unge bør bevege seg 60 minuttar kvar dag.
  • Gutane er mest aktive og i betre fysisk form enn jentene i alle årsgrupper.
  • Mest aktive er seks år gamle gutar, der nesten alle er fysisk aktive i minst 60 minutt om dagen, slik det er tilrådd.
  • Minst aktive er 15 år gamle jenter, der berre 40 prosent oppfyller tilrådinga.
LES FAKTALUKK FAKTA

I 2018 blei 3.594 barn og unge testa i ulike fysiske testar. I tillegg hadde dei måleapparat som viste all aktivitet i løpet av en dag. Dei hadde ikkje på seg måleapparatet om natta.

Resultata viser at aktivitetsnivået ikkje har auka. Aktiviteten til ni år gamle gutar har gått mest ned.

– Studien forklarer ikkje kvifor 9-år gamle gutar er blitt mindre aktive sidan 2005, eller kva dei gjer i staden for å vera aktive. Men tala vekkjer uro, seier Jostein Steene-Johannessen ved Norges idrettshøgskole til Forskning.no.

Korte økter med aktivitet

Han meiner denne studien bør gjere at skulane satsar på fleire og kortare økter med fysisk aktivitet kvar dag.

– Vi ser at aktivitetsnivået er spesielt lågt i løpet av skuledagen, bortsett frå i lunsjtida. Eg meiner det kan vera klokt å ha 10-30 minutt aktivitet fleire gonger i veka i staden for å satse på ein time kvar dag, seier idrettsforskaren.